Legen informerer
Køordning
Fastlegeordninga
Køordning
For å minske presset på resepsjonen, har vi følgande ordning:
Dersom du har timeavtale hos legen, skal du berre vente på venteromet til du er ropt opp. Dersom det går 20 minutt etter avtala tid, må du gå i luka for å få vite årsaka til dette.
Du skal trekke købrikke som heng i gangen dersom du skal:
- Ta prøver før du skal til legen
- Ta prøver etter at du har vore inne hos legen
- levere prøver
- på skiftestua til fjerning av sting, sårskift o.l.
Berre set deg på venteromet og vent på tur.
Fastlegeordninga
Kvar lege har eit tak på kor mange fastlegepasientar han eller ho kan ha. Ut frå dette er enten lista åpen - da kan ein melde seg på lista, eller lista er lukka - da kan ein ikkje melde seg på lista. Sjølv om lista er lukka, kan ein få plass til barna til ein listepasient, og til tidlegare listepasientar som har vore borte frå lista mindre enn 3 år.
Legen eller legekontoret har ikkje noken innflytelse på kva pasientar som får plass på lista. Der er heller ikkje noka venteliste for den einskilde legen. Legen skal prioritere eigne listepasientar. Der er ei ordning for "second opinion" der ein kan få vurdering hos ein annen lege enn fastlegen sin, men då må denne legen sende rapport til fastlegen.
På denne sida Min fastlege kan du få informasjon om legar som har ledig plass på listene og også bytte fastlege direkte på internett.
Meir informasjon om fastlegeordninga kan du finne på trygdeetaten sine fastlegesider.